
Landets søtaste festival


- spytt ein stein i kalendaren og bli med!
23 - 25. Juli 2026




Program 2026
Ny sesong, nye moreller, ny festival
Følg med på Facebook eller Instagram for artistslepp
Kjem snart
Om Festivalen
Morellfestivalen er ein festival som vert halden siste helga i juli på Lofthus i Hardanger.
Festivalen vart starta opp i 1996 og har vorte skipa kvar sommar sidan då.
Hovudtrekkplasteret heilt frå oppstarten av festivalen har vore NM i morellsteinspytting.
Det vert her konkurrert i 3 klassar: junior, kvinner og menn.
Det er ingen forhåndspåmelding til morellsteinspyttinga, påmelding skjer lørdag før start.
Det fyrste året spytta Ronny Boge frå Strandvik i Fusa kommune ein morellstein 9,8 meter.
Den noverande rekorden er i herreklasse.
Innehavar er Øyvind Gjuvsland frå Suldal, som spytta heile 15,15 meter.
Sigurd Sollien er tradisjonelt programleiar for NM i morellsteinspytting.
På festivalområdet vert det kvart år sett opp mange salsboder, der ein m.a. kan få kjøpt matprodukt laga av frukt og moreller.