Sider og vin
God og ekte hardangersider skal vera produsert med naturleg gjæring. Sideren skal smaka eple, den skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska og vera klår og brusa lett med det same den kjem i glaset. Sideren skal vera behageleg å drikka.
Sider er rett og slett gjæra råsaft av eple. I Europa vert det laga sider i dei områda der vinrankane synest det er for kaldt eller vått.






















