25. - 29. juli 2012

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Om Festivalen

Om oss

Morellfestivalen 2012 består av:

Per Olav Opedal - Festivalgeneral
Trond instebø - Generalsekretær
Magnus Opedal - Økonomisjef
Harald H. Opedal - Marknadsjef
Jostein Lutro - Messe- og aktivitetsjef

Kontakt: post@morellfestivalen.no

Historie

Ideen til denne festivalen kom frå Ullensvang herad og landbruksetaten / fruktdyrkarmiljøet. Hovudgrunnen til å skipa denne årlege aktiviteten på Lofthus var å fremja kunnskap om morelldyrkinga i Ullensvang. Festivalen skulle vera eit samarbeid mellom fagdyrkarmiljøet, heradet, ymse organisasjonar og einskild personar.

Den fyrste festivalen vart gjennomført i 1996. Eit trekkplaster gjennom alle år har vore NM i morellsteinspytting. Ronny Boge frå Steinvik i Fusa spytta det 1. året ein morellstein 9,8 meter.

Festivalen skulle alltid gjennomførast siste helg i juli, med handverkstorg og utstillingar, samt sal av lokalprodusert mat.

Opp gjennom åra har det vore mange ulike tilbod om båtturar på fjorden, gardsvitjingar og hagevandringar, hesteriding, konsert, folkedans, kakekonkurranse, smaking og kåring av beste eplecider og morellevin, kåseri, revy og dans.

I 1997 vart den tredje internasjonale morellsymposiet - med ekspertar frå 26 land - halde på Lofthus same helg som Morellfestivalen. Festivalen vart opna av fylkesordførar Magnar Lussand, rådmann Magnus Mjør og direktør i Reisemål Hardanger Fjord Helge Møller. Det året var det også ei utstilling om norsk fruktdyrking, og på Hardangerutstillinga var Odd Nerdrum, Roald Tellnes og Dagfinn Instanes representert. På Skredhaugen hadde Anne Ljones ei separatutstilling med rosemåling.

 

 

Slik starta det heile og med litt endringar frå år til år har denne festivalen slege rot på Lofthus.

Fleire kjendisar har vore med og sett sitt preg på denne festivalen som f.e. Fridtjof Wilborn -leiar for NM morellsteinspytting- , Frode Aga, Kokke-Lise, Lars Barmen, Hans Robert Bruun og Kjell Fuglehaug med innslaget "Frå loft til kjellar".

I 2006 fekk me eit nytt innslag: sykkelritt "Sørfjorden rund" og vinner var Nils Magne Hagen.
Lik som i 1997 var det også i 2006 halde ein konferanse på Lofthus på Planteforsk Ullensvang med tema : Konkurranse frå utanlandsk frukt.

Fleire lokale produsentar av eplesaft, hermetisert frukt, syltetøy og "eplesludd" fekk markert seg i 2006.

Hovudtrekkplaster kvart år er NM i morellsteinspytting. Rekordspyttet er på heile 14,24m i herreklasse og innehavar er Sverre Kleivkås frå Lofthus.
Det vert konkurrert i 3 klassar: junior, kvinner og menn.

Heilt sidan starten i 1996 har det vore fint sommarver helga festivalen har vorte gjennomført.

Takk til dei som gjer det mogeleg

Elmero Frisør | Hardanger Teknikk | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Halldor Utne AS | Mikkelparken | B Mikkelsen AS | Lofthus Camping | Lofthuskiosken