27. - 30. juli 2017

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Morellsteinspytting - reglar

Alle som skal delta må melda seg på hos sekreteriatet. Siste frist for påmelding er klokka 13.00. Kvalifiseringa foregår frå klokka 10.00 laurdag.

I sekreteriatet får du utdelt startnummer, og blir slusa inn i deltakarkøen.

Du kan delta inntil 3 gonger ( 3 omgangar, 9 spytt ), men må registrera deg og betala i sekreteriatet for kvar gong. Du kan kun registrera deg for ein omgang pr. gong.

På startnummeret skal du skriva namnet ditt. Den lengste lengden din pr.omgang blir notert av arrangøren på synleg resultattavla.

Inngang til deltakarkøen, og påmeldinga foregår bak i teltet (bak spyttebanen, mot Bunnpris).

Deltakarkøen sit langs spyttebanen på sida mot riksvegen og ventar på tur.

Etter kl 13.00 får ingen registrera seg for fleire omgangar. Dei som har registrert seg og som står i køen kl. 13.00 får delta. Personar som står i registreringskø kl. 13.00 er for seint ute.

Dei fem personane med dei lengste spytta i kvar klasse når kvalifiseringa er ferdig, får delta i finalen. Finaleomgangen startar kl. 15.00

VI BER OM AT DEI SOM SKAL DELTA MØTER FRAM I GOD TID TIL KVALIFISERINGA.

Vi ynskjer alle lykke til med konkurransen!

Resultater »

Takk til dei som gjer det mogeleg

       

Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove