I takt med at kvite plastflak gjer sitt inntog i den vakre Hardangernaturen, og lokkande morellbuer kjem på plass langs vegen, veit alle at norges søtaste festival er i emning. Morellfestivalen går av stabelen siste helga i juli. Staden er Lofthus og her skal nye norgesmeistrar i morellsteinspytting kårast !
Meir informasjon om Morellfestivalen 2013 i pressemelding »
opptrer på Morellfestivalen i Lofthus til sommaren
Det er mildt sagt spektakulær underholdning Morellfestivalen i Lofthus kan varta opp med til sommaren. Captain Frodo som opprinneleg er frå Haugesund er lite kjent her i landet, ettersom han stort sett opptrer i utlandet. For tida arbeider han som kabaretkunstner i ei australsk gruppe med navnet La Clique.
Det som har gjort Frode Sandven til ein populær artist i verdsklasse er hans utrolige stunt der han trer heile kroppen gjennom vanlige tennisracketer. Han er i stand til å gjera ting med ledda som ser både umogleg og utrolig smertefullt ut.
Alle ledda mine er voldsomt elastiske, men i tillegg ligg det store mengder trening bak. Det gjelder å sy det heile inn i ein historie slik at det blir eit heilhetleg show - gjerne med masse humor, seier Captain Frodo.
På Morellfestivalen skal Captain Frodo opptre to gongar. Hovedshowet vert fredag kveld den 26. juli, i tillegg til et litt kortere og mer familieorientert show på laurdag.


Sølvsuper spelat til dans på laurdag

Bris spelat til dans på fredag

Anita Skorgan

Heine Totland
Reglar for deltaking
Spørsmål rundt innlevering, kontakt Leif Lutro på mob: 90956491, epost: l-lutr@online.no
Oversikt gjenstander til auksjon »
Me oppmodar alle som har noko i gjære om å spara litt til årets sider/fruktvin tevling.
Innlevering på Turistinformasjonen på Lofthus innan 25. juli kl 20:00
Morellfestivalen er eit stort arrangement tufta på dugnad. Me treng di hjelp. Varierte arbeidsoppgåver. Attende får du fri inngang og mat. Send ein e-post til: post@morellfestivalen.no, eller ring Trond på 920 38 505.
Vart delt ut fyrste gong i 2008, me er på leit etter nye kandidatar.
Morellfestivalens Heiderpris skal synleggjera eldsjeler i Ullensvang Herad, den skal gå til personar som kan stå som førebilete og vera inspirasjon for andre, samt bidreg til å bygga opp eit godt lokalsamfunn.
Forslag til kandidatar med grunngjeving sendast til: post@morellfestivalen.no
Hardanger Folkeblad, 25-07-2009 »
NRK Nyheter, 25-07-2009 »
Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Halldor Utne AS | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove